Fototur til Årdal 2023

Helga 12.mai - 14.mai 2023 reiser vi til Årdal

Årdal er ein unik plass for flotte naturopplevingar. Bygda er kalla "Porten til Jotunheimen". Her kan ein få oppleve fire vakre fosser med Vettisfossen som er den mest kjende, og som har det høgaste verna fossefallet i Norge med eit fritt fall på 275 meter.

I tillegg til naturfotografering, vil vi prøve å få omvisning i fabrikklokala til Årdal og Sunndal Verk , Norsk Hydro.

Vi satsar på å bu på Klingenberg hotell. Eventuelt kombinere med Sitla Hotel & Apartments som er litt billigare.

Pris pr. person i dobbeltrom på Klingenberg kr. 800 pr. natt

Enkeltrom kr. 1200 pr. natt.

Frokostpakker kjem i tillegg på kr. 150

Sitla Hotel & Apartments er ubetjent og er kr. 200 billegare pr. natt.

Vi vil prøve å sy dette saman dersom folk bur på begge plassar, slik at vi kan ha fellessamlingar. Vi satsar i alle fall på å ha ein fellesmiddag laurdag kveld.

Det er som er utfordringa vår er at det denne helga er konfirmasjon i Årdal. Så dersom vi skal få plass på hotellet, må vi bestemme oss ganske kjapt!

Derfor er det viktig at de som vil vere med melder til oss så snart de veit om de vil delta.

Send påmelding til oddhild.lien@gmail.com innan 1. april.

Grundigare informasjon om turen vil komme etter kvart.

Håpar mange har lyst å vere med oss til Årdal.

Helsing Bekkalokket Turkomite

Arne, Annie, Kirsten og Oddhild

Klingenberg Hotel

Vettisfossen

Bli medlem i Bekkalokket Fotoklubb

Bekkalokket Fotoklubb arrangerer fototur for klubbens medlemmer våren 2023.
Bekkalokket Fotoklubb arrangerer fototur til Årdal i Vestland for klubbens medlemmer våren 2023