Vårturen til Årdal ved mektige Sognefjorden 12. - 14.mai 2023
Ein gjeng med 24 glade fotografer inntok Årdalstangen fredags kveld. Dei fleste av oss overnatta på Klingenberg hotell. Resten overnatta i eigne campingbiler. Ut i kveldinga samlast vi til pizza med noko attåt. Tur til Årdal byr på så mykje meir enn fotografering.
Via vårer fototurer blir du kjent med flotte steder, som du ellers gjerne ikkje hadde valgt som reisemål. Tur til Årdal kan også gi deg inspirasjon og moglegheit til å bli en bedre fotograf, og utveksle erfaringer med andre.
Årdal er det perfekte utgongspunkt for fjord - og fjellopplevingar, og flott mulighet for å bli mer kjent med andre bekkalokkere.
Årdal kommune er plassert mellom mektige Sognefjorden og Jotunheimen Vest med bratte fjell, og djupe daler og fjorder.
Indre Offerdal
Laurdags morgon tok vi turen gjennom verdas brattaste tunnel (som ikkje var så bratt som vi hadde forestilt oss) til Indre Offerdal, som før i tida var eit knutepunkt. Her var det telegraf, postkontor, ordførarkontor , og vanndrive sagbruk og mølle.
No bur der så godt som ingen der fast, og staden er no eit museum med overnatting. Vi fekk omvisning i hovedhuset som bar preg av at her hadde det vore rikdom i sin tid. Mølla og sagbruket er under restaurering, og vil vere heilt ferdig om få år. Ein av eldsjelene for restaureringa viste oss rundt, og forklarte oss korleis ting virka.
Dette er ein plass som dei færraste har høyrt om, og som er vel verd eit besøk. I alle fall for dei som er interessert i historie og kultur.
Årdal Kraftstasjon
På ettermiddagen vitja vi den gamle kraftstasjonen i Øvre Årdal. Der fekk vi omvisning og fekk høyre historia om korleis Øvre Årdal blei ein industristad.
På kvelden var det middag med andebryst og panna cotta og igjen noko attåt.
Vetti gard - Vettifossen - Utladalen
Søndags morgon var vi klare for vandring til Vetti gard, og dei aller sprekaste inn til Vettisfossen. Ein fin tur til fots i flott vestlandsnatur det vi går langs Utla med eit utal av fossar i ulike størrelsar. Etter 3-4 timars gange var vi meir eller mindre stivbeinte og klare for bilturen heim.
Vettifossen
Vettifossen med sine 275 meter i fritt fall vart kåra til Norges vakraste foss her tidlegare, og har vore verna sidan 1924.
I boka "Under Storen" kaller forfatter og fotograf Jan Schwarzott denne fossen for "Dronninga".
Utladalen
I Utladalen er topper, tinder, fosser og elvestryk, og eit flott fjellområde for fotografering og fotturer i vakker natur.
Ville og vakre Utladalen innerst i Sognefjorden er ein av Nord - Europas djupaste dalføre. Fleire fjellpionerar som William Cecil Slingsby og Fridtjof Nansen har brukt Vetti garden som utgangspunkt.
Alle var enige om at det hadde vore ein gild tur.
Helsing oss i Turkomiteen