Klubbtur til Lunde i Jølster 8-11 mai 2026
Vårturen i år gjekk til Lunde turiststasjon på Skei i Jølster.
23 medlemmer var med på turen. Nokon kom allereie torsdag kveld.
Fredag kveld var vi alle samla. I idylliske og storslagne omgjevnader. Litt grått ver var det, og temperaturen var heller låg, – til mai å vere.
Nokon drog rett på fototur og ville utnytte veret før regnet kom.
Vi samla oss i låven , som er ein stor låve omgjort til festsal med langbord. På grunn av den heller kjølege utetemperaturen hadde vertskapet rigga til mange varmeovnar. Vi hadde kjøpt pizza på Circle K på Skei.
Lørdag morgon var det regn. Men det begrensa oss ikkje så mykje. Vi delte oss inn i grupper, fordelte oss i bilar og køyrde avgårde. Aktuelle stader vi besøkte var Bøyabreen, Supphellebreen, Fjærland med Bokbyen og Bremuseet, Førs (eller Førde), Breim og Skei, for å nemne noko.
Naturen er formidabel og dramatisk. Så motiva stod i kø.
Lørdag ettermiddag samla vi oss til ulike typar leikar; øksekasting, leirdueskyting med laser, stigegolf og sleggeslag!
Kl. 18 rigga vi oss til i løa, – til cupkamp Brann – Bodø Glimt.
Planen var å ete middag kl. 20, men som alle veit, så tok kampen aldri slutt! Vi måtte ha pause i sendinga slik at vi fekk ete middagen. Den var bestilt frå Stardalen sommarkafè; nydeleg hjortegryte.
Søndag reiste ein del tidleg heim att, mens andre brukte dagen til meir utforsking av området før heimtur.
Ein innhaldsrik og aktiv helg!
Takk til vertskapet Linda og Atle Lunde som stod på for å gjere opphaldet vårt så fantastisk bra!






















