Tur til London 24-27. September 2026
12 medlemmer av Bekkalokket deltok på denne Londonturen.
Nesten alle var med på felles middag torsdags kveld. God stemning, god mat og entusiastiske folk som gleda seg til dei kommande dagane.
Fredag møttest vi på formiddagen og besøkte The Photographers`Gallery. Eit fotogalleri sentralt i London. Noverande utstilling viste fotografi frå kvinnelege japanske fotografar gjennom tidene. Utruleg flott.
Etter dette, spaserte storparten av oss til Barbican Centre til lunsj. Deretter gjekk vi ei løype gjennom området. Barbican er eit stort bustadkompleks og nabolag som vart bygd på 1960- og 70-talet. Området er kjend for sin særeigne, brutalistiska arkitektur og er verna.
Felles middag om kvelden.
Laurdag delte vi oss i små grupper då vi hadde ulike behov. Mange av oss gjekk på Tate Modern.
Felles middag om kvelden på argentinsk restaurant.
Søndag var heimreisedag. Vi hadde difor ikkje laga noko program.
Nokon av oss tok turen til National Portrait Gallery. Andre ville gå for seg sjølv og fotografere.
Vi budde på ulike hotell rundt omkring i London. 5 av oss budde på eit underground hotell! – Og det betydde 5 etasjar under jorda. Det gjekk det og – men freistar kanskje ikkje til gjentaking …
London visste seg frå si flottaste side i strålande solskin og temperaturar godt over 20 grader.
Takk for oss!



