Fotosprint som klubbmøte i Bekkalokket

På klubbmøte på torsdag 8.mai 2025 var det fotosprint på programmet i Bekkalokket. Ein fotosprint er veslebroren til ein fotomaraton (https://en.wikipedia.org/wiki/Photomarathon ). I staden for 24 oppgåver på 24 timar, som i ein full fotomaraton, så hadde Bekkalokket sin fotosprint 3 oppgåver på 1,5 time. Oppgåvene er ikkje kjende på førehand så fotografeinga må skje "på sparket".

Oppgåvene:

Juryen hadde laga til følgjande oppgåver:

  1. Bevegelse
  2. Linjer
  3. Småkryp

Reglane er enkle. Start med eit tomt minnekort, ta bilder i jpeg-format og returner med eit minnekort med 3 bilder på, i riktig rekkefølgje.

Oppgåvene vart delt ut i klubblokalet til Bekkalokket kl. 19:00, med siste frist for retur kl. 20:30.

Etter utdelinga av oppgåvene bar det ut i dei Bergenske gatene for å løyse dei. Været var med oss, det var fint vårvêr.

Kl. 20:30 var det 21 slitne, men fornøgde (?) fotografar som leverte inn bilder. Då var det juryen sin tur til å jobbe, for det skulle kårast tre vinnar i kvar av dei tre klassane same kvelden.

Medan juryen gjorde jobben sin var det bildevisning av alle innkomne bidrag og diskusjon om korleis oppgåvene vart løyst. Det var svært spennande å sjå den store variasjonen og kreativiteten medlemmene hadde vist når dei løyste oppgåvene.

Resultat og vinnarar:

Juryen jobba i ekspressfart. Dei vektla kreativitet og oppgåvetolking like mykje som perfekte bilder. Vinnarbilda er presenterte under:

Premiane til vinnarane i denne litt uhøgtidelige tevlinga var A3 og A4 print på klubben sin printer.

Stor takk til alle som deltok og ikkje minst til arrangementskomiteen og juryen! Det blir garantert ikkje siste gongen me arrangerer eit klubbmøte med fotosprint i Bekkalokket.